CosplayNorway

Cosplay til folket!

Digitality X 2016 Stavanger

Legg igjen en kommentar

I helga blei Digitality X arrangert for første gang i Stavanger. Digitality X handlar meist om speling og sosial speling, men dei inkluderte også cosplay som ein del av arrangementet. I heile tre dagar samla folk seg på Stavanger Forum for å vere med på speling, møte nye vener og delta eller sjå på konkurransar. Digitality X var delt opp i to lokaler. I det eine bygget var det plassar for dei som ville spele og ta med sin eigen pc. Det var også der dei streama og hadde kiosk. I det andre bygget var det stands, cosplay garderobe og finalane blei spelt og sendt i den store hallen.

Eg var så heldig og fekk to bilettar frå Metrocon, og fredag etter jobb kjøyrde vi av gårde til Stavanger, men rakk akkurat ikkje cosplaykonkurransen. Dei starta tidleg og var ferdig då vi kom fram. Sjølv om konkurransen var ferdig fekk eg med meg vinnarane.

_DSC6765_LITEN

N1njag1rl cosplay vant førsteplass med Jiutou fra High Rollers, andreplassen gjekk til The Teddy Fuzzy Inn med Obi Wan Kenobi fra Star Wars og beste nykommar gjekk til Cossy Production. med Serah Farron fra Final Fantasy. Les meir og sjå fleire bilete på heimesida til Digitality X om konkurransen og  Cosplay Showdown.

Det var ikkje berre konkurranse for cosplayarane, alle dagane var det konkurransar og finalar i spel som  CS, Harthstone og League of Legends. Det var også fleire utstillarar på plass, mellom anna Nerdeportalen, Zoo Comics, Simplify, Sparebanken Vest og Komplett. Ein kunne prøve VR, sjå korleis 3D-skrivarar fungerer, kjøpe mat i kiosken, prøve nokre av dei tøffaste gaming pcane,  kjøpe teikneseriar og stæsj. Metrocon og Nordic Garrison var også på plass, og hadde kvar sin stand.

_DSC6790_LITEN

For dei kostymeglade var det ulike konkurransar og panel som gjekk. Sjølv fekk eg berre med meg eit par av dei. Maling og grunning med Pharmony frå Fandomily Cosplay, Props med N1njag1rl og quiz med Pharmony og The Fuzzy Teddy Inn.

_DSC6793_LITEN

Det var ikkje så mange cosplayarar på fredagen, sjølv om konkurransen var då. Det kom fleire lørdag. Eg trur det hadde vore betre å ha konkurransen på ein lørdag, eller etter vanleg jobbtid for sånne som meg som jobbar i sommar. Ellers syns eg arrangementet var fint. Spennande panel, kjekke folk og gode lokaler. Eg syns også det var fint å ha nøytrale garderober.

N1njag1rl på scena i videoen nedanfor.

Vlog frå Pharmony og Fandomily i videoen nedanfor.

Fleire bilete hjå Digitality X sitt bildegalleri på fb.

Reklamer

Forfatter: xkake

Photographer, cosplayer and student. Lover of dark chocolate, coffe, books, movies and music. Passion for sweet, cute and shiny objects.

Legg gjerne igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s